– Grunnprinsippet må vere at familiar kan forsørgje seg sjølve viss dei kjem på familieinnvandring, seier justis- og beredskapsminister Emilie Enger Mehl (Sp). Illustrasjonsfoto: Ole Berg-Rusten / NTB
– Grunnprinsippet må vere at familiar kan forsørgje seg sjølve viss dei kjem på familieinnvandring, seier justis- og beredskapsminister Emilie Enger Mehl (Sp).

Regjeringa foreslår å stramme inn tilgangen til familieinnvandring for eldre foreldre

Måndag sende Justis- og beredskapsdepartementet eit forslag på høyring som inneber at einslege foreldre over 60 år ikkje lenger vil ha krav på familiegjenforeining med vaksne barn i Noreg.

Publisert Sist oppdatert

Einslege foreldre over 60 år med vaksne barn i Noreg får i dag opphaldsløyve i familieinnvandring etter ei særskild føresegn i utlendingslova.

Justis- og beredskapsdepartementet har sendt eit forslag på høyring som inneber at einslege foreldre over 60 år ikkje lenger vil ha krav på familiegjenforeining med vaksne barn. Departementet
skriv at erfaring viser at fleire i denne gruppa etter kvart må takast hand om av norske styresmakter.

Dette er personar som ofte har behov for omfattande helsehjelp og andre offentlege tenester. Forslaget til regjeringa inneber at det berre unntaksvis skal kunne bli gitt opphaldsløyve til personar i denne gruppa, skriv departementet.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS