Varaordførar Kenneth Karlsen (FrP), og ordførar Mette Heidi Bergsvåg Ekrheim (Sp) samarbeidar om budsjettforslag som i følgje Karlsen gjer eit godt budsjett til eit betre budsjett» for Etne kommune.
Foto: Grethe Hopland Ravn
Reduserte kutta med inntekter som kan kome
Posisjonspartia i Etne kommune rosar rådmannen for eit godt budsjett, og seier dei gjennom å redusera kutta kan gjera eit godt budsjett enda betre. Pengane vil dei henta frå statlege overføringar som enno ikkje er bestemt.
Ordførar Mette Heidi Bergsvåg Ekrheim (Sp) opna formannskapsmøtet med å opplysa at budsjettet er stramt, arbeidet er krevjande, men det er inga krise.
I rådmann Hilde Aartun Haraldseide sitt forslag til budsjett var dei største kutta lagt til oppvekst, helse, pleie og omsorg. Ved å auka overføringane frå staten, meiner Senterpartiet, Framstegspartiet, Høgre, Venstre og KrF, som samarbeider om eit felles budsjettforslag, at dei kan redusera kutta til rådmannen.
— Dei siste åra har me blitt redda av ein del tilfeldige midlar som har kome til, som me ikkje visste ville koma, og som me ikkje har kunne budsjettert med. Dette har nesten blitt ein tendens, og me har derfor valt å auka opp det som heiter andre statlege overføringar» i budsjettet. Dei siste åra har det kome fleire millionar kroner meir enn budsjettert frå staten, sa Kari Aakra, gruppeleiar i Sp.