Eg
har vore på krøterhandel. Eller i pakt med den nye tid, har eg funne dei på
nettet. Som sjølvstendig næringsdrivande har eg fått med meg at når det gjeld
den velsigna botnlinja, er det betre å selja enn å kjøpa, så storlevande krøter
har eg ikkje kjøpt sidan seinhaustes år 2009.
Det
er ikkje noka strategisk plan som ligg til grunn for denne krøterhandlen, det
kjem snarare av at svikt på det administrative planet, har ført til rikeleg
mange avvik i form av gjeldbeist på båsane. Samstundes som eit lite blaff av
ugrunna optimisme her sist haust gjorde at eg selde for mange kviger. Så nå var
det stø kurs mot tilfeldig avvikling av produksjonen.
Men
odelsbonderomantikken er som kjent ei sterk drift, så i staden for å la ting gå
sin gang mot ei betre framtid, fann eg meg sjølv ei sein kveldstund inne på
nettsidene til Norsk Jersey. Det var det tilbod i fleng, av både kyr og kviger.
Eg sette meg i kontakt med ein hyggeleg kar frå Undheim på Jæren, og etter å ha
spandert ei vakenatt forplikta eg meg til å kjøpa to kyr. Desse kom til gards
ein måndag i romjula.