Raudt farvarsel for ras: Frå klokka 21 kom du deg ikkje frå Etne til Odda
Det er sendt ut raudt farvevarsel for ras i heile Vestland sundag kveld. Det får konsekvensar for trafikken, mellom anna i Oddadalen.
Statens vegvesen melder i ettermiddag at vegar kan bli stengde på kort varsel. Spesielt riksveg 7 over Hardangervidda er i augneblinken utsett.
Det er opent på E134 over Haukelifjell, men det er meldt snøfall og noko tiltakande vind utover kvelden.
Annonse
Klokka 21 sundag kveld vart riksveg 13 stengt for natta mellom Odda og Skare, og dessutan Røldal-Nesflaten. Dette er av preventive omsyn grunna rasfare, melder vegvesenet.
Vegvesenet melder at det blir gjort ny vurdering klokka 10 måndag.
Det same gjeld fylkesveg 550 på vestsida av Sørfjorden mellom Odda og Utne.