Kommunane har no fleire ledige busetjingsplassar enn det er flytteklare flykningar, men NIBR tilrår likevel at ordninga med avtalt sjølvbusetjing blir ført vidare. Biletet viser ventemottaket Vestleiren utanfor Kirkenes. Illustrasjonsfoto: Vidar Ruud / NTB / NPK
Kommunane har no fleire ledige busetjingsplassar enn det er flytteklare flykningar, men NIBR tilrår likevel at ordninga med avtalt sjølvbusetjing blir ført vidare. Biletet viser ventemottaket Vestleiren utanfor Kirkenes.

Rapport tilrår vidareføring av sjølvbusetjing for flyktningar

By- og regionforskingsinstituttet NIBR tilrår i ein fersk rapport at ordninga med avtalt sjølvbusetjing for flyktningar blir vidareført, men med nokre forbetringar.

Publisert Sist oppdatert

Ordninga vart innført i 2016 for å lette arbeidet med å få busett dei mange flytteklare flykningane med opphaldsløyve som sat på asylmottaka rundt om i landet. Den situasjonen har dei siste par åra vore heilt annleis, og derfor har Kunnskapsdepartementet no bede NIBR om å vurdere om ordninga bør halde fram.

— Kommunane og IMDi vurderer formålet med den avtalte sjølvbusetjinga litt ulikt. IMDi understrekar at det ikkje er behov for ordninga når kommunane no kan skaffe bustader innan rimeleg tid. Kommunane vurderer i større grad at ordninga bør førast vidare dersom ho er attraktiv for flyktningane, og fordi ho bidreg til sjølvbestemming og medverknad for å ordne eigen livssituasjon, sier forskar Susanne Søholt i NIBR.

Kommunane ønskjer at det framleis bør vere mogleg for flyktningane å finne seg bustad sjølv, og mange peikar på at ordninga gir positive effektar i form av medbestemming, medverknad og eigarskap til eigen busetjingsprosess, går det fram av rapporten

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS