Rapport: Storfebønder meir utsette for ulukker i landbruket
– Det er vanskeleg å seia nøyaktig kva som er farlegast med det å vera bonde. Det er avhengig av ei rekke faktorar som storleiken på garden, type avling, dyrehald og arbeidsmetodar ein brukar. Hovudkonklusjonen er at det er mykje farlege arbeidsoppgåver og at det er viktig å tenka på risiko og ikkje ta unødige sjansar, seier Halle Arnes som er fagkoordinator HMS i stiftinga Norsk landbruksrådgjeving i ei pressemelding.
900 bønder har bidrege til den store HMS-kartlegginga som blei gjennomført i 2022. Rapporten viser fleire tendensar i landbruket. Mellom anna har storfebønder større sjanse for å utsette seg for ulukker enn det andre bønder har. Bønder med 500 dekar i drift eller meir, har høgast sannsyn for både ulukker og brann.
– Rundt 240 bønder opplever kvart år ei ulukke som gjev varige fysiske lidingar. I tillegg kjem eit høgt, men ukjent tal på bønder med slitasjeskadar på grunn av høg arbeidsbelasting over tid, seier leiar for Nasjonalt kompetansesenter for landbrukshelse og forskar ved Ruralis, Brit Logstein.