– Vi kunne tydeleg sjå barn, unge og foreldres misnøye med tenestene, seier seniorforskar i Sintef, Marian Ådnanes, om den rapporten.
Foto: Gorm Kallestad / NTB/NPK
Rapport: Barn i barnevernet får ikkje helsehjelpa dei treng
Barn og unge i barnevernet får ikkje tilstrekkeleg psykisk helsehjelp, viser ny forsking.
Formålet med forskingsprosjektet Helsehjelp til barn i barnevern» har vore å sjå nærare på korleis barn og unge i kontakt med barnevernet får nødvendig helsehjelp, skriv Sintef i ei pressemelding.
Ein sentral konklusjon frå rapporten er at mange barn og unge i barnevernet opplever hindringar i å få tilstrekkeleg psykisk helsehjelp.
Barn i kontakt med barnevernet hadde i gjennomsnitt fleire polikliniske konsultasjonar i psykisk helsevern enn resten av pasientpopulasjonen. Likevel viser forskinga at mange barn, unge, foreldre og fosterforeldre opplever at hjelpa er mangelfull.
Misnøye med BUP
Lange ventetider for behandling og mangel på fleksibilitet i behandlingstilbodet skaper store utfordringar.
– Vi kunne tydeleg sjå barn, unge og foreldres misnøye med BUP. I tillegg til at særleg foreldre er kritiske til det dei opplever som dårleg tilgjengelegheit til BUP, blir kritikken knytt i stor grad til at behandlinga ikkje opplevast godt nok tilpassa problema som ungdommen har, seier Marian Ådnanes som har leidd forskingsprosjektet.
BUP er kort for barne- og ungdomspsykiatrien, som er ei grein av psykiatrien som fokuserer på diagnostisering, behandling og førebygging av psykiske lidingar hos barn, unge og familiane deira.
Behov for betre samarbeid
Rapporten peikar også på behovet for betre samarbeid mellom ulike tenester, eit kraftigare søkjelys på førebygging og tidleg intervensjon, og dessutan eit meir fleksibelt helsetilbod til barn i barnevernet.
– Med desse funna som bakteppe, håpar vi styresmakter og tenesteleverandørar tek tak i desse problema slik at barns rett til helsehjelp blir oppfylt på ein tilfredsstillande måte, seier Ådnanes.