Den kalde vinteren fører til mindre mat i skogen. Dette rådyret kom like inn i hagen til fotografen i Etne, der også svarttrostane kosa seg.
FOTO: AUD IREN GRINDHEIM
Rådyr og fugl deler på maten
Aud Iren Grindheim, som bur på Silla-feltet i Etne, kan skrive under på at svarttrosten i år er i hopetal.
— Ein dag talde eg 24 svarttrost på ein gong, fortel ho.
Svarttrosten er ikkje skvetten av seg, det syner konkurransen fuglen har fått om godbitane i hagen til Grindheim. Der et den seg mett side om side med ein mykje større skapning.