Nils Tokheim
Foto: Grethe Hopland Ravn
Petit
Putin, Hitler og katten vår
Verdas snillaste seksten år gamle katt er vår. Aldri har han fanga fugl eller mus, og han er vener både med piggsvin og skjorer. Av og til er han til og med ven med den småbøllete nabokatten Rasmus.
Det einaste som kan få opp adrenalinet hans er møll, men han er skjegløygd så eg trur ein kan telja på ei hand kor mange han har fått tak i. Faktisk har han nokre dvaske og tjukke lemen seint om hausten på samvitet, men han åt dei ikkje. Etter jakta koste han seg heller med dyrt veterinærfòr.
Så alt skulle berre vore velstand, men tidleg i livet, og no seint, er det likevel utfordringar med han. Midt i den kvite pelsen i andletet hans, har han nemleg tvers over nasen rett og slett ein svart hitlerbart. Då han var ny i gata i Tromsø vekte han oppsikt og han vart kalla Vesle-Adolf», Mini-Hitler» eller berre Hitler». Mari på elleve år syntes ikkje det var noko som helst stas at katten hennar vart assosiert med den grusomme tyrannen ho hadde lest og høyrt om.