Protest mot Skyss-forslag
Hordaland fylkeskommune må spare pengar. Det kan råke ferjepassasjerar både i Skånevik- og Bjoa-sambandet.
Hordaland fylkeskommune må kutte kraftig i 2019-budsjettet. Og no blir det diskutert kutt i ferjesambanda i fylket. Fylket sitt transportselskap Skyss føreslår på vegner av fylkeskommunen å kutte siste avgang i alle sambanda. Forslaga har ifølgje Bergens Tidende kome på bordet som følgje av at fylkeskommunen må kutte 95 millionar kroner i drifta si i 2019.
50 minutt tidlegare
Eit forslag om kutte siste avgang vil med utgangspunkt i dagens rutehefte bety at siste ferja frå Utåker til Skånevik vil ha avgang 21.00 og ikkje 21.50 som i dag. Siste avgang frå Skånevik vil då bli klokka 21.25 og ikkje 22.15 som i dag.