Positive utsikter etter eit tøft år
Dagleg leiar Jarle Sørhaug er ærleg om eit tøft 2024, men ting ser likevel positive ut for åra framover. Ikkje minst gjeld det for Westcon Yards AS som har inngått ein lovande fransk intensjonsavtale som vil gi svært mykje om den blir innfridd.
Sørhaug seier i ei pressemelding at dei pågåande krigane og konfliktane har ført til noko redusert aktivitet for Westcon-selskapa, og dessutan har det ført til forstyrringar i forsyningskjeda. Dette har vidare seinka fleire pågåande og planlagde prosjekt.
Konsernomsetninga har likevel auka samanlikna med året før, og det er òg ein betring av driftsresultatet. I reine tal var omsetninga i 2024 på 3,3 milliardar kroner, og driftsresultatet var på 183 millionar. Tala for 2023 var høvesvis 2,7 milliardar og 26 millionar.
— Trass i den geopolitiske usikkerheita me har opplevd på tvers av konsernet, har mange av underselskapa våre auka omsetninga i 2024. På same tid har me investert for å styrka leveransane våre dei komande åra. Dette gjeld spesielt på verfta kor me har investert i store forbetrringar innan infrastruktur, seier dagleg leiar Jarle Sørhaug i Westcon Group AS, som sysselsette 862 årsverk i 2024.
— Uavhengig av konjunkturar og marknadsutvikling har me gjennom fleire år investert mykje for å tiltrekkja oss, og halde på, kompetanse. I tillegg har me utvikla ny kompetanse gjennom til dømes lærlingeordningar. Denne langsiktige tilnærminga ser me resultat av i eit utfordrande fjorår, seier konsernsjefen.
Dei fire store
Dei fire største selskapa i konsernet har hatt følgjande hovudtal for 2024:
Westcon Yards AS: Driftsinntekter på 2,3 milliardar kroner og årsresultat på minus 54 millionar.