Vats har stått for dei to siste folkelege markeringane i Vindafjord. Det siste var ei markering før kommunestyremøtet i Sjøperlo i Ølen i september i fjor haust der vatsbuen slo ring om Vindafjordhallen. No vil bygder slå ring om skulen.
Arkivfoto: Jon Edvardsen
Politikarane vil ikkje få skulefred
Først 31. mai kjem det sikre svaret på kva politikarane vil når formannskapet har sagt sitt. Då har alle partia sannsynlegvis eit gjennomdiskutert standpunkt som ikkje vil endre seg fram mot kommunestyret i siste halvdel av juni.
Det er tidlegare planlagt eit felles gruppemøte for alle dei politiske partia i Vindafjord der representantar for bygdene kan kome med innspel og synspunkt på forslaget kommunedirektøren har lagt fram.
Markeringa mot nedlegging av skular er på rådhusplassen i Ølen før dette møtet i ettermiddag.