Eit sentralt samarbeidsområde for Skatteetaten og politiet er skattekriminalitet og annan økonomisk kriminalitet. Foto: Lise Åserud / NTB/ NPK
Eit sentralt samarbeidsområde for Skatteetaten og politiet er skattekriminalitet og annan økonomisk kriminalitet.

Politiet og Skatteetaten inngår samarbeidsavtale

Politiet og Skatteetaten tek grep mot økonomisk kriminalitet gjennom eit nytt samarbeid.

Publisert Sist oppdatert

Avtalen skal styrkje samarbeidet mellom etatane for å effektivisere arbeidet mot spesielt skatte- og avgiftskriminalitet, skriv politiet og Skatteetaten i ei felles pressemelding.

– Dei kriminelle jobbar mykje raskare enn før, er meir tilpassingsdyktige og leitar etter dei lågaste hindera for å stele frå fellesskapen. Då må vi også jobbe raskare, samarbeide betre og få stansa meir av kriminaliteten, seier skattedirektør Nina Schanke Funnemark.

Samarbeidsavtalen går over sju område, inkludert skatte- og avgiftskriminalitet, informasjonsutveksling og meir effektiv innkrevjing.

– Økonomisk kriminalitet påverkar enkeltmenneske, næringsliv og velferdsordningane og undergrev tilliten vi har i samfunnet. Ein formalisert avtale om samarbeid mellom Skatteetaten og politiet er derfor eit viktig tiltak i kampen mot skatte- og avgiftskriminalitet, seier politidirektør Håkon Skulstad.

(NTB)

Powered by Labrador CMS