Politiet kom raskt til ulykkesstaden i Førre. Illustrasjon: Politiet / handout / NTB / NPK
Politiet byter patruljebil – går frå stasjonsvogn til SUV
Politiet har dei siste åra køyrt Volvo V90 Cross Country, men no går bilmodellen ut av produksjon. Volvo XC60 T8 blir erstatninga.
– Volvo har gitt politiet tilbod om den nyaste versjonen av Volvo XC60 T8 som erstatningsmodell, seier kommunikasjonsdirektør Espen Strai i Politiets fellestenester i ei pressemelding.
Politiet har ein avtale med Volvo om levering av liten patruljebil i perioden 2020–2027. Til no har patruljebilen vore V90 Cross Country, men denne går no ut av produksjon. Sidan leverandøren har bindande kontrakt med politiet om å levere liten patruljebil, må dei levere denne fram til kontrakten går ut i februar 2027.
Strai seier at dei første erstatningsbilane av typen XC60 T8 vil vere leveringsklare i andre halvår i år.