Juletreet skal ikkje brennast i peisen.Arkivfoto
Plass til fleire produsentar
Norsk Juletre Service AS er størst på engros-sal av juletre i Noreg. Arne Svandal i Imsland er blant dei 24 aksjonærane. I fjor selde selskapet om lag 41.000 juletre. Dei fleste var Nordmanns edelgran, men Fjelledelgran er aukande. Vanleg norsk gran blir også leverert.
— Juletrea går hovudsakleg til den norske marknaden, men det var også eksport til både England, Tyskland, Holland og Østerrike. Eksport er viktig fordi forskjellege marknader gjerne føretrekkjer forskjellege sorteringar, slik at eit tre som det går få av i Oslo kan ha ein stort marknad i London. Den norske marknaden er viktigast og består av mange faste kundar som sel juletre rundt om i heile landet, opplyser dagleg leiar Mikal Hetland og styreleiar Peter Sigmundstad i Norsk Juletre Service AS ei pressemelding.
Norske tre slår an