Knappe seks veker etter at produksjonsbedrifta Skakke Røykeri AS i Etne gjekk opp i røyk, er Jurgita Folkedal og Roy Martin Øyjord igjen på fote og klar med nye Skakke-produkt i butikkane. Foto: Arne Frøkedal
Knappe seks veker etter at produksjonsbedrifta Skakke Røykeri AS i Etne gjekk opp i røyk, er Jurgita Folkedal og Roy Martin Øyjord igjen på fote og klar med nye Skakke-produkt i butikkane.

På fote igjen etter at livsverket gjekk tapt

Utan stor omsorg, mange hjelparar og ein kraftig heiagjeng hadde dei ikkje greidd å reisa seg igjen. Knappe seks veker etter at livsverket gjekk tapt i brann, er Jurgita Folkedal og Roy Martin Øyjord tilbake med sine Skakke-produkt.

Publisert Sist oppdatert

Det har vore mange opp- og nedturar sidan 9. august då Skakke Røykeri AS i Etne blei ramma av ein brann. 95 prosent av produksjonsutstyret gjekk tapt for bedrifta som i fjor omsette for 5,5 millionar og som var i startfasen på ein lovande opptur. I løpet av minuttar var alt lagt i ruinar, og ein tøff jobb for å koma seg på fote igjen starta.

— Dette har vore dei verste vekene i livet mitt. Det er vanskeleg å setja ord på det, men eg har hatt fleire turar i kjellaren» og vel så det, og er blitt overraska over kva humørsvingingar eg er blitt utsett for, seier Roy Martin Øyjord (58), gründer og eigar i verksemda som er mest kjent for sine røykprodukt av laks og aure under merkenamne Skakke.

Enorm støtte

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS