Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

Øystein Silde Frønsdal er avanserer til nyheitsredaktør i Firda berre halvanna år etter at han starta som praktikant ved Nynorsk Avissenter. Arkivfoto: Grannar
Øystein Silde Frønsdal er avanserer til nyheitsredaktør i Firda berre halvanna år etter at han starta som praktikant ved Nynorsk Avissenter.

Øystein (26) gjer kometkarriere i Firda

Publisert Sist oppdatert

Øystein Silde Frønsdal er oppvaksen i Etne, og dei to siste somrane før han var ferdig utdanna lærar, brukte han som sommarvikar i Grannar sin redaksjon. Han viste seg som ein uredd, flink og kreativ ung journalist, og redaktør Arne Frøkedal såg stort potensiale i den unge studenten, som gjekk på lærarskulen i Sogndal. Då Frønsdal var ferdig utdanna, tipsa redaktør Frøkedal om at han burde søkja seg inn som praktikant hos Nynorsk Avissenter i Førde. Det gjorde Frønsdal. Han fekk plass og har sidan gjort kometkarriere i Firda. Nyleg takka han ja til jobben som nyheitsredaktør, berre halvanna år etter han starta som praktikant.

Får gode skussmål

Det var Firda som først delte nyhenda om den ferske nyheitsredaktøren, som no tar over etter Trond Grimeland som skal over i ny stilling som journalist. Til avisa seier han at Øystein er den nyheitsjegeren dei treng til å leia nyheitsredaksjonen i Firda.

Powered by Labrador CMS