Andre Nesheim
Foto: Robert Dreier Holand/TV 2
Over og ut for André Hustoft Nesheim i The Voice
André Hustoft Nesheim har så langt i sesongen imponert både mentorane og publikum med songen og musikken sin i Tv2-programmet The Voice. Men konkurransen er knallhard, og fredag kveld var det stopp for skjoldabuen.
Det beste
I knockout er det – på lik linje som i duellane, to og to deltakarar frå kvar mentor sitt lag som kjempar mot kvarandre. Men her syng dei ikkje duettar, her vel dei sjølv låten dei skal syngja. Og i knockout kan ikkje mentorane stela deltakarar frå andre lag, her er det mentoren som tar eit val om kven av dei to deltakarane som skal gå vidare.