Helse- og omsorgsminister Jan Christian Vestre (Ap) oppmodar det norske folk til å bli organdonorar.
Foto: Stiftelsen Organdonasjon
Over ein million nordmenn nølar med å bli organdonorar
Åtte av ti nordmenn er positive til organdonasjon. Likevel kjem dei fram i ei undersøking at 33 prosent av dei som er positivt innstilt ikkje har handla konkret.
Mange har altså ikkje informert sine næraste, eller fylt ut eit Donorkort.
– Dette omfattar over éin million nordmenn, noko som er altfor mange. I verste fall kan dette føra til at organ som kunne redda mange av dei over 600 personane på venteliste, går tapt, seier Aleksander Sekowski, informasjonssjef i Stiftelsen Organdonasjon.