Formannskapet i Etne har møte med kommunedirektør Filippo Ballarin, som for tida har permisjon. Ballarin orienterte formannskapet om dialogen han har hatt med Sparebankstiftinga og gåva på 30 millionar.
Foto: Grethe Hopland Ravn
Orienterte om gåveprosessen for Skakke
Kommunestyret gjorde eit vedtak før jul som opna for vidare dialog med Sparebankstiftinga i Etne. Ballarin som for tida er i permisjon var med via Teams, og orienterte formannskapet om at dialogen med Sparebankstiftinga Etne har starta, men at dei manglar sentrale avklaringar for å komma vidare. Mellom anna ventar kommunen framleis på ein uttale frå generalforsamlinga i stiftinga. Kommunedirektøren opplyser at han fleire gonger har sett styreleiar i generalforsamlinga på kopi i kommunikasjonen, utan å ha fått noko svar.
— Me ventar også på ein bindande førehandsuttale frå Skatteetaten, sa Ballarin, og understreka for politikarane at dette er heilt nødvendig for å kunna gå vidare i prosessen. Uklare skattemessige føresetnader gjer at kommunen ikkje kan ta ei endeleg avgjerd.
I tillegg til dei eksisterande forhandlingane, har også Sparebankstiftinga introdusert fleire nye punkt som må avklarast, opplyser Ballarin.