Opninga av friluftsåret samla bygda
Med natur, samhald og berekraft i fokus skal året inspirera fleire til å oppleva gleda ved friluftsliv. Speidarane stilte med gratis pølser, saft, bålkaffi og s’mores. I tillegg hadde dei ein natursti rundt huset. Dei hadde tent opp eit bål som varma godt, med benkar rundt der folk kunne grilla pølser og marshmallows for å laga s’mores. Dette var spesielt populært blant barna.
Speidarane Mina Langhelle Åsheim og Margunn Johansson Taraldsøy hadde seg fleire omgangar med s’mores, og det smaka nydeleg. Av dei tretti speidarane i Skånevik var mange av dei møtt opp saman med familiane sine. I tillegg kom det også andre frå bygda.
— Det er alltid noko gøy å finna på med speidarane, seier speidaren Elise Kuijt.