Tre butikkar i Etne senter har gått saman om å opna ein ny pop-up butikk i lokalet til den tidlegare klesbutikken Karsten & Petra. Den nye butikken vil få eit variert vareutval med produkt frå skobutikken, sportsbutikken og klesbutikken i andre etasje på kjøpesenteret.
— Her blir det varer til godt rabatterte prisar, seier Jørgen Øyjord i Sport 1 Etne som saman med Erling Ronæs i skobutikken Baardsen Eurosko og Marita Grønstad i Fjång Moteklær står bak det nye butikktilbodet.
Mesteparten av varene er ordinære varer frå dei tre butikkane, og i tillegg vil butikkane spe på vareutvalet med vareprøvar frå dei ulike kjedane.