Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

Bente Kristiansen og Bente Markhus Åsheim viser den flotte pepparkakebyen som bebuarane i dei bemanna bustadane ved Etne omsorgssenter har laga.

Omsorg tek ikkje julefri

Publisert

Helsepersonell som jobbar i omsorgsyrke må rekna med å vera på arbeid når andre har fri, og både jul- og nyttårshelga stiller dei opp for å sikra god pleie til alle som treng ekstra omsorg og hjelp i høgtida. Ved Etne omsorgssenter går skiftplanen som normalt og dei tilsette gjer sitt beste for at alle skal få ei fredfylt og koseleg julehelg.

— Me prøver å laga det koseleg for alle. Me har mykje god mat og julekaker, seier dei tre helsefagarbeidarane Elisabeth Langeland Sævareid, Tone Stølås og Sorina Markhus som alle jobbar på Etne omsorgssenter.

Damene jobbar turnus og om lag kvart fjerde år er det deira tur til å ha vakt i julehelga. Det synes dei er heilt greitt. Då set dei av litt ekstra tid til ein prat med bebuarane og kosar seg saman med dei gamle.

Powered by Labrador CMS