Olav Vik-parken – sommarperla på Osnes
Olav Vik-parken i Etne er ikkje ein vanleg park. Det er eit gåveområde, testamentert til folket av Olav Vik sjølv, og drifta av Olav Vik-stiftelsen. Stiftinga forvaltar området i tråd med vedtektene som blei utforma etter testamentet hans – til det beste for alle i lokalsamfunnet.
— Me ønskjer at dette skal vera ein plass der folk kjenner at dei har lov til å bruka området slik det passar for dei, om det er leik, kvile, grilling eller turgåing, seier styreleiar i stiftinga, Bjarte Aastvedt.
Ny klatrepark med zipline