Inga-Cecilie Sørheim.
PRIVAT
PÅ TAMPEN:
O jul med din vrede?
Så er me her igjen. Desember rett rundt hjørnet. Og då lurer eg på; er det berre eg som synes at jula kjem oftare og oftare? "Som julekvelden på kjerringa", seier uttrykket. Men sjølve julekvelden er nå ein ting. Nå startar førjulstida allereie i september.
Av og til kjennes jula meir som kav enn kos. Eg trur noko av årsaka er "altfor-tidlig-julen", som dei kalla det i Skomakergata for mange år tilbake. I butikkane kjem julebrus, peparkaker og julesnop på plass allereie frå oktober. Midt i november er gater og butikkar fulle av julepynt og julebelysning. Me får overdose jul før desember månad kjem. Me er leie av julepynt og mette på julekaker lenge før julekvelden.
Aggressiv reklame for dyre adventskalendrar startar allereie i september, med tydeleg trussel om at kjøper du ikkje nå; blir dei mest populære utselt. Unge jenter ønsker seg kalendrar til fleire tusen. At dei unge vil ha kalender, kan eg forstå. Men kva har skjedd med denne bransjen? Kvart år blir eg overvelda med reklame for tenkelege, utenkelege og unemnelege produkt i kalenderform. Eit underleg påfunn frå handelsstanden dei siste åra, må eg seie. Vaksne folk skal altså pakke opp tjuefire luker i desember? Joda, og utvalet er stort. Det klassiske er jo godteri eller sminke- og hudpleieprodukt. Men det stoppar ikkje der. Berre fantasien set grenser. Eit kjapt nettsøk viser at ein kan få kalender fylt med chips, kaffi eller te, energibarar, sokkar og strømper, økologisk havregraut, nudlar, neglelakk, lego, øl, akevitt, ølpølser, fiskeslukar, pokemon-kort, duftlys, bygg-din-eigen-robot, verktøy, smykke..