4. klassingane har blitt glade i Henriette Aakre Skarveland. Bak: Othelia Rørheim. Framme frå venstre: William Thorstensen Berg, Gabriel Aleksander Bergheim, Eline Apeland Haugen, Guro Arianson Stople, Sophia Tungesvik Vestbø, Alma Håheim, Lilly Helgevold Fjelldalselv og Cornelius Bjelland Rekkedal. FOTO: SVEIN-ERIK LARSEN
4. klassingane har blitt glade i Henriette Aakre Skarveland. Bak: Othelia Rørheim. Framme frå venstre: William Thorstensen Berg, Gabriel Aleksander Bergheim, Eline Apeland Haugen, Guro Arianson Stople, Sophia Tungesvik Vestbø, Alma Håheim, Lilly Helgevold Fjelldalselv og Cornelius Bjelland Rekkedal.

Nyt meiningsfull kvardag som lærar

Det er god stemning blant dei tilsette på Sandeid oppvekstsente, og Henriette Aakre Skarveland (25) trivst i sitt første skuleår som lærar i 3.- og 4. klasse.

Publisert Sist oppdatert

— Å vere lærar gir ein veldig kjekk og variert kvardag. Du møter mykje positivitet blant både elevar og kollegaer, seier Henriette Aakre Skarveland, som kjem frå Kvinnherad.

Etter lærarutdanning ved Høgskulen på Vestlandet i Bergen og Stord, og eit år på Skarveland skule, starta ho i Sandeid i august. Ho synest Sandeid oppvekstsenter har ein passande stor skule med rundt 100 elevar. I tillegg er det nær Etne, der ho bur, men likevel i ei anna bygd.

Knekker lærekodar

Den første tida omtalar Skarveland som kjekk, men også travel. Støtte frå kollegaer og leiar har vore viktig i starten. Ho ser stor verdi i at lærarar, både etablerte og nye, kan hjelpe kvarandre med erfaring og perspektiv. Karrierevegen hennar har ikkje alltid vore staka ut.

— I sjuande klasse sa eg at lærar var det siste eg skulle bli, men no sit eg her, flirer Skarveland.

Det som leia ho inn på denne vegen, var først og fremst barna. Då ho var lærarvikar etter vidaregåande skule, fann ho ut at ho likar å byggje relasjonar med elevar og sjå dei vekse. Ho nemner opplevinga av å sjå barn knekke lesekoden eller få det til i matematikk. Å lære bort faglege og sosiale ferdigheiter og sjå barna oppleve meistring gjer at ho føler at læraryrket er meiningsfullt.

I Sandeid er Skarveland faglærar i 4. klasse i samfunnsfag, naturfag, KRLE og engelsk, i tillegg har ho litt 3. klasse. Blant 4. klassingane er det tydeleg at ho er populær.

— Ho er den morosamaste læraren og har det kjekkaste programmet i gym, seier Gabriel Aleksander Bergheim.

Får ut kreativiteten

Sandeid oppvekstsenter har også ein barnehagedel med 55 barn. Merete Leknes (46) er pedagogisk leiar for avdeling Ravnafjell med barn mellom 0 og 3 år. Ho vart ferdig utdanna i 2001 og jobba i barnehagar i Ølen fram til 2013, då ho begynte i Sandeid. Her er ho leiar for tre medarbeidarar og tolv ungar.

Gjennom å møte barna kvar dag blir dei tilsette godt kjende med både barn og foreldre. Visjonen til barnehagen er kjekke dagar», noko som treff kvardagen Leknes fortel om. Dei vaksne prøver å lage aktivitetar der barna koser seg, skape gode relasjonar, og gi trøyst når barna treng det. Det er lett for dei tilsette å vere spontane.

— Du får mange sjansar til å by på deg sjølv. Om du har ein skodespelar eller songar i deg, får du brukt det. Du får vere på mange arenaer, fortel Leknes.

Blir sett

Ho tenkjer alltid at ho har ein jobb der ho blir møtt av mange glade menneske. Avdelingsleiaren seier ungane blir sett, høyrde og forståtte, og nokre dagar får dei medverke til kva dei skal gjere. På dei 11 åra hennar i Sandeid har det blitt færre vaksne, men fagmiljøet har vakse med fleire barne- og ungdomsarbeidarar. Det mest krevjande, synest Leknes, er planleggingstida, der ho må gå frå avdelinga for å planleggje og dokumentere.

Høvet for at Sandeid oppvekstsenter opnar dørene, er den internasjonale lærardagen 5. oktober. Dagen har blitt markert sidan 1994 og er ei hyllest til alle lærarar som investerer tida si i barn og unge, og set søkelyset på utfordringar rundt FNs berekraftsmål nummer fire: God utdanning. Leiar Hilde Synnøve Jacobsen Harboe i Utdanningsforbundet Vindafjord synest det er viktig at barnehagelærarar og lærarar har ein dag med fokus på den viktige jobben dei gjer.

— Lærarar utdannar dei som skal bere samfunnet i framtida, seier forbundsleiaren.

Den største oppsida med yrket meiner ho er å få energi frå å møte barn og kollegaer kvar dag. Spurt om den største nedsida, svarar ho alle krava som blir stilt, og nemner rapportering og tilpassingar som sikrar at alle barn blir inkluderte og får tilfredsstillande opplæring. Ho ser positivt på framtida til læraryrket i Vindafjord.

— Det å vere saman med ungar og danne eit springbrett ut i verda og framtida, er spennande og viktig, avsluttar forbundsleiaren.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS