Illustrasjonsbilde av snus og snusbruk.
Foto: Annika Byrde / NTB/ NPK
Nye snus-forbod gjeld frå 1. januar
På nyåret vert det ikkje lenger mogleg å kjøpe dei minste snusboksane. Då blir det innført eit minstekrav til innhaldet i snusboksen. Det betyr at fleire snusprodukt ikkje lenger kan bli selde slik dei er i dag.
Årsaka til forbodet er at små pakningar aukar tilgjengelegheita for mindreårige sidan dei er billegare.
– Ei regulering av minstestorleik på snuspakningane kan difor gjere produktet mindre attraktivt og tilgjengeleg for unge og slik redusere snusbruk blant unge, skriv Helsedirektoratet.
Frå og med 1. januar inneheld den minste pakningen som går an å kjøpe 20 porsjonar og 15 gram. For laussnus skal enkeltpakningane innehalde minst 30 gram.