Startar opp digital innbyggjardialog.Arkivfoto
Nye sakssystem fører til nedetid i kommunane
Kommunane Bokn, Etne, Haugesund, Karmøy, Sveio, Tysvær og Vindafjord har dei siste par åra samarbeidd om innkjøp av likt sak-/arkivsystem. Samarbeidet gjeld kjøp/oppgradering av systemet ACOS WebSak, og samkøyring av tenestene og fagområda som bruker dette systemet.
— Prosjektet er eit av dei mest omfattande administrative samarbeida mellom kommunane på Haugalandet nokon gong, fastslår prosjektleiar Mali Smemo Hjemdal i ei pressemelding.
Over 50 personar innanfor fagområda arkiv, ikt, politiske møte, klart språk, personal- og skuledokumentasjon og eigedom har utarbeidd felles rutinar og arbeidsmåtar som skal vera like i kommunane.