Bli abonnent - få full digital tilgang!
OL-tilbod: Kun 1 kr ut mars!
*Alt innhald på grannar.no * eAvis
Digitalt arkiv heilt frå 1973 * App med nyheitsvarsel

Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying. Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.
Sjå alle våre abonnement

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

Lokalaviser. Foto: Karoline Riise Kristiansen
Lokalaviser.

Nye kontraktar sikrar avislevering alle dagar

Publisert Sist oppdatert
Samferdselsdepartementet innstiller Posten Bring AS som leverandør av distribusjon på vekedagar, og Aktiv Norgesdistribusjon AS som leverandør på kontraktane om distribusjon laurdagar, opplyser departementet i ei pressemelding.

Regjeringa varsla ny anbodskonkurranse i fjor haust, og Posten Bring AS og Aktiv Norgesdistribusjon AS var dei einaste som leverte tilbod innan fristen.

Staten kjøper med det distribusjon av avisar til alle adresser som ikkje blir dekt av eit kommersielt avisbodnett. Dei nye kontraktane gjeld for perioden 1. juli 2024 til 30. juni 2025.

– Mediebransjen står i ei omfattande digitalisering, samstundes som avisar på papir framleis er viktige for bransjen. For å sikre fleksibilitet, inngår vi difor no korte kontraktar med eitt opsjonsår. Det vil òg gje oss moglegheita til å ta omsyn til rapporten frå Postutvalet , når den ligg føre om eit år. Den skal mellom anna ta for seg ulike samfunnsmessige omsyn som blir vareteke av distribusjonsnettverka i postsektoren, seier Nygård.

Powered by Labrador CMS