Anne-Grethe Kjærstad Berge er ny rektor ved Skånevik skule.
Foto: Privat
Ny rektor til Skånevik skule
Anne-Grethe Kjærstad Berge (54) frå Kvinnherad, tar over stafettpinnen frå august.
Anne-Grethe Kjærstad Berge er tilsett som ny rektor ved Skånevik skule. Ho kjem frå stillinga som rektor på Skarveland skule i Kvinnherad, der ho har vore i nesten åtte år. Kjærstad Berge er busett på Åkra i Kvinnherad.
Etne kommune skriv på sine heimesider: Me ynskjer Anne-Grethe velkommen til Etne kommune. Ho har lang erfaring som rektor i nabokommunen. Dette blir spennande og me gler oss til å få ein ny til på laget i oppvekst og kultur!»