Til saman blei det i år samla inn 17,1 millionar kroner til Barnekreftforeningen på FotballtrøyeFredag. Illustrasjonsfoto: Gorm Kallestad / NTB / NPK
Til saman blei det i år samla inn 17,1 millionar kroner til Barnekreftforeningen på FotballtrøyeFredag.

Ny rekord for Barnekreftforeningen

Aldri før har foreininga samla inn so mykje pengar på ein enkelt aksjon.

Publisert Sist oppdatert

På FotballtrøyeFredag 9. mai tok folk landet rundt på seg trøya til eige lag, for å visa støtte til aksjonen til Barnekreftforeningen. Det leidde til innsamlingsrekord, ifølgje ei pressemelding frå foreininga.

Til saman blei det samla inn 17,1 millionar kroner, nesten dobbelt so mykje som dei 9,2 millionane som vart samla inn i fjor.

Pengane går til forsking på barnekreft, og har det enkle mål for auge å hindra at born døyr av kreftsjukdom.

– Det er verkeleg rørande å sjå eit so sterkt engasjement for FotballtrøyeFredag blant små og store over heile landet. Me veit at denne støtta betyr utruleg mykje for familiane som er råka, seier generalsekretær i Barnekreftforeningen, Trine Nicolaysen.

(NPK)

Powered by Labrador CMS