Ny ordning for pass til barna – mange må bestille ny time
Før var det slik at ein måtte ha med fullmakt frå den andre forelderen om berre den eine møtte opp på passkontoret. Fullmaktsordninga vart avvikla i november 2022.
No må foreldre møte personleg opp på passkontoret for å gi samtykke til at barnet kan søke om pass eller ID. Samtykket kan givast enkeltvis eller varig fram til barnet er 18 år.
– Den nye ordninga gjer det enklare å søke om pass til barn. No kan ein gi samtykke ein gong i staden for å ta med fullmakt kvar gong. Vi trur at dei fleste foreldre har fått med seg det, men det gjeld ikkje alle. I nokre tilfelle har foreldre måtta bestille ny passtime fordi samtykke frå ein av dei mangla, seier Elisabeth lund, seksjonsleiar for pass/ID i Oslo politidistrikt til Aftenbladet.