Ny lov: Slik vil regjeringa verne deg på nett
Regjeringa sender forslag til ny lov om digitale tenester på høyring. Målet er å gjere internett tryggare og stille strengare krav til teknologiselskap.
– Det er på høg tid at norske forbrukarar får større vern på nett, seier digitaliserings- og forvaltningsminister Karianne Tung (Ap) i ei pressemelding. Onsdag presenterte ho lovforslaget som skal implementere EUs forordning om digitale tenester (DSA) i norsk rett.
Lovforslaget inneheld mellom anna forbod mot åtferdsbasert reklame retta mot mindreårige, forbod mot reklame basert på sensitive personopplysningar, strengare krav til merking av reklame og forbod mot manipulatorisk design på nettsider.
– Dette er eit stort steg på vegen mot å gjere internett tryggare, spesielt for barn som er ei særleg sårbar gruppe, seier Tung.
Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit (Nkom) skal føre tilsyn med dei nye reglane, med støtte frå Medietilsynet, Forbrukartilsynet og Datatilsynet. Regjeringa tek sikte på at lova skal tre i kraft sommaren 2026.
(NPK)