Renate Sævareid var sjokkert over det ho las i rapporten om trygt og godt skulemiljø.Foto: Privat
Renate Sævareid er på Frp i Etne si nominasjonsliste til valet i haust.

Ny liste frå Etne Frp

Etne Frp var tidleg ute med å presentera listekandidatane sine. Allereie i slutten av januar var lista klar. No er det endring på lista, men toppkandidaten Kenneth Karlsen (1988) frå Skånevik er framleis på topp, med Trude Enge (1960) frå Etne på andreplass.

Ny tredjekandidat på lista er Åge Madsgård (1962) frå Etne, mens Marita Johansen (1985) frå Skånevik har trekt seg. Renate Sævareid (1989) frå Etne som har hatt fast plass i kommunestyret denne perioden, var på var første plassert på åttande plass, men har på ny liste rykt opp til fjerde.

Opprykk har også Fredrich Bjelland (1999) frå Etne fått, for på gammal liste var han på sjuande plass, men på ny liste er han rangert på femte. Sissi Kringlebotten (1961) frå Etne er på sjette plass på begge lister. Dermed er det fem etnebuar blant dei seks øvste plassane til Frp si liste for haustens kommuneval.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS