Kristoffer Vannes, direktør Fagne, Oddgeir Stokke, prosjektleder Kraftmontasje, Øystein Søraas CFO Kraftmontasje, Henning Staurset, prosjektsjef Kraftmontasje, Pablo Barrera, konsernsjef Haugaland Kraft, Robert Rogge, prosjektleder Fagne.
Ny kraftlinje frå Ølen sett i drift før tida
Fagne har sett sitt største linjeprosjekt i drift før planlagd.
I ei pressemelding tysdag skriv nettselskapet Fagne at dei ligg an til å fullføre sitt største regionale linjeprosjekt eitt år før planen.
I forrige veke nådde prosjektet ein milepæl då heile den nye 132 kV-linja frå Ølen via Våg til Bratthammar i Vindafjord og Tysvær blei spenningssett. Linja skal styrke strømforsyninga på Haugalandet. Prosjektet starta i 2023, med mål om ferdigstillelse i 2027, og arbeidet går etter planen saman med hovudentreprenør Kraftmontasje.
– Me er stolte over å levere eit solid prosjekt som styrker forsyningssikkerheita i regionen, og det er særleg gledelig at vi kan sette kraftlinja i drift før vinteren og kulda slår inn. At vi klarer dette før tida og leverer både innan kost og kvalitet, viser verdien av god planlegging og samarbeid, uttalar Kristoffer Vannes, direktør i Fagne, i pressemeldinga.