Ny fastlege på plass i Vindafjord
Maren Rytilahti Hatlestad (36) startar i jobben som fastlege i Vindafjord, måndag 1. desember.
Maren Rytilahti Hatlestad kjem frå ein legejobb i Sveio, der ho har vore tilsett sidan hausten 2024. Til avisa Vestavind sa ho den gong at ho såg fram til å starta i jobben, og nå er det Vindafjord som står for tur. Grannar har prøvd å få kontakt med Hatlestad, utan å lukkast.
Den nye fastlegen har bakgrunn som både fastlege, og lege ved legevakta i Haugesund, og har også arbeidd ved nevrologisk avdeling på Haugesund sjukehus etter turnustenesta si. I 2024 blei ho ferdig med spesialistutdanninga i allmennmedisin.
Hatlestad er fødd og oppvaksen i Haugesund, og ifølgje Vestavind er mellomnamnet Rytilahti frå faren si side, som har finsk opphav. Ho fullførte legeutdanninga si i Ungarn i 2016, og arbeidde deretter som fastlegevikar i Ålesund før ho returnerte til Haugesund og gjennomførte turnustenesta ved Haugesund sjukehus. Sidan gjekk vidare til legevakta i Haugesund.
Ho tiltredde i Sveio 1. oktober i fjor, der ho både vart fastlege ved legekontoret i sentrum og kommuneoverlege. Hatlestad kjende kommunen frå før, mellom anna gjennom familie og fritidsopphald, og hadde frå tidlegare jobba i lag med den andre legen ved legekontoret, frå tida ved legevakta i Haugesund.