Amalie Kringlebotten og faren Rune Kringlebotten ser fram til å skape nytt liv i Old River Saloon i Etne.
FOTO: TORSTEIN TYSVÆR NYMOEN
Ny eigar skal puste nytt liv i Saloonen
Er du blant dei mange som har sakna stemninga og livekonsertane på Saloonen i Etne? No kan du gle deg til hausten!
Old River Saloon har fått ny eigar. Kjøpar er etnebuen Rune Kringlebotten (62), og no gler han seg til at den yngre generasjonen i distriktet på ny skal få oppleve både publiv og live-konsertar i Etne igjen. Sist veke skreiv han under kjøpekontrakten for utestaden, som har vore ein institusjon å rekne på Indre Haugalandet gjennom to tiår, før den blei lagt ned for eit og eit halvt år sidan.
Opna for 25 år sidan
Det var heile Etnes bestemor», Aslaug Mala (82), som i 1999 opna Saloonen», etter å mellom anna ha fått flytta den gamle Marknadsfjosen» frå tomta ved Enge skule ned til tomta kor Saloonen i dag står, og som den gongen engasjerte snikkaren Atle Rosseland til å innreie lokalet som ikkje få etnebuar nærast har hatt som ein stamstad opp gjennom åra. Resten er eit ekte og langvarig kultur-eventyr i Etne. Det er ikkje få band som gjennom nesten 25 år har entra scena til glede for konsertgjengarar frå heile distriktet, og det er nok heller ikkje få som både har snike seg til seg sine første kyss og kanskje også møtt sine følgjesvener på fest i lokalet.