Vassdrags- og energidirektør Kjetil Lund. Foto: Terje Bendiksby / NTB / NPK
Vassdrags- og energidirektør Kjetil Lund.

NVE-topp: – Neppe stort potensial for kraftutbygging i verna vassdrag

Med mindre ein tek den aller mest verdifulle naturen, blir det neppe mange kraftprosjekt av å opne verna vassdrag, trur vassdrags- og energidirektøren.

Publisert Sist oppdatert

– Det er neppe stort potensial for utbygging i verna vassdrag, med mindre ein ønskjer å gyve laus på den vakraste, mest verdifulle naturen vi har, seier Kjetil Lund til NRKs Nyheitsmorgon tysdag.

Tysdag skal Stortinget behandle eit forslag for å tillate bygging av vasskraftverk i elvar som har status som verna. Men forslaget inneheld ei lang rekke vilkår.

Mellom anna må samfunnsnytta i form av til dømes flaumdempande effekt vurderast som stort, og miljøkonsekvensane må reknast som akseptable. Forslaget har breitt fleirtal, men NVE-direktøren meiner føresetnadene gjer at det ikkje vil få stor effekt.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS