Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

Nortura gjekk sigrande ut av rettssaka mot Den Stolte Hane. Foto: Stian Lysberg Solum / NTB / NPK
Nortura gjekk sigrande ut av rettssaka mot Den Stolte Hane.

Nortura vann eggsak i retten

Publisert Sist oppdatert

Nortura vann rettssaka mot Den stolte hane.

Det skriv Aftenposten.

Den stolte hane saksøkte Nortura fordi selskapet meiner dei ikkje har fått kjøpe nok egg av marknadsregulatoren Nortura. Men Den stolte hane tapte rettssaka.

Det kan bety at det blir lite egg i fleire butikkhyller rundt om i landet med påska på trappene.

Coop har Den stolte hane som sin eggleverandør.

– Vi tek rettsavgjerda til etterretning, seier kommunikasjonssjef Thea Kjendlie i Den stolte hane til avisa.

Kylling- og eggprodusenten reagerte på at Nortura har prioritert leveransar til matindustrien og fabrikkane framfor daglegvarebutikkane.

Nortura skriv i ei fråsegn at dei meiner saka aldri burde hamna i retten. Dei seier dei er glade for at saka er avklart.

– Vi er tilfredse med at Oslo tingrett gir oss medhald på alle punkt, både i spørsmålet om mellombels åtgjerd og forståinga av forskrifta, seier Kjell Rakkenes som er konserndirektør for strategi, berekraft og kommunikasjon i Nortura.

Selskapet skriv vidare at dei som vanleg prioriterer alle tilgjengelege konsumegg til forbrukarane inn mot påska.

Den stolte hane må også betale sakskostnadene for Nortura, som er på 433.000 kroner.

Powered by Labrador CMS