Nortura kallar tilbake fleire kjøttprodukt etter at eit dyr som fekk medisinar, vart slakta for tidleg. Produkta vert kalla tilbake for å vere føre-var, opplyser slakteriet.
Foto: Stian Lysberg Solum / NTB
Nortura kallar tilbake ei rekkje storfeprodukt
Nortura kallar tilbake ei rekkje storfeprodukt etter at eit dyr som vart behandla med medisinar, vart slakta for tidleg.
Bakgrunn for tilbakekallinga er at eit dyr som har vore behandla med medisinar, vart slakta for tidleg i samsvar med regelverket, opplyser Nortura i ei pressemelding.
– Det aktuelle dyret vart slakta tett opp mot denne fristen, så det er berre risiko for minimale restar av medisinar i kjøttet. For å vere føre-var blir kjøttet likevel tilbakekalla då nokre menneske er allergiske mot enkelte typar antibiotika, heiter det i pressemeldinga.
Tilbakekallinga omfattar følgjande produkt: