Ved Håfoss bru var vegen stengt onsdag då raset på E134 skjedde.
Arikvfoto: Arne Frøkedal
Norske sjåførar køyrer saktast i Europa
Snittfarta på norske motorvegar mellom dei største byane ligg på snaue 70 kilometer i timen og er av dei lågaste blant 15 utvalde land i Europa. Stykkevis vegutbygging får skulda.
I ei oversikt over gjennomsnittsfarta på vegnettet mellom dei største byane i Noreg ligg gjennomsnittet på 68,5 km/t. Til samanlikning leiar Frankrike statistikken med ei snittfart på 105 km/t. I Sverige og Danmark er gjennomsnittshastigheita høvesvis 87,9 km/t og 91,1 km/t.
– Dette viser at vi ikkje har lykkast med å avvikle ein stykkevis og delt utbygging av hovudvegnettet. Vi evnar ikkje å ta ut dei store gevinstane ved å byggje ut eit effektivt stamvegnett, det er dårleg politikk for folk, næringsliv og ikkje minst for klima og naturen, seier
fagsjef i Opplysingsrådet for veitrafikken (OFV), Rikard Gaarder Knutsen.