Norske lønnsvilkår vedtatt på alle skip i innanriksfart
Stortinget har vedtatt eit forslag om norsk lønn på skip i norske farvatn og på norsk sokkel. Rederiforbundet meiner det er i strid med EØS-avtalen.
Forlaget blei lagt fram i april og vedtatt måndag i Stortinget. Vedtaket omfattar skip i innanriksfart, uavhengig av kor dei er registrerte, og skal sikre norske lønns- og arbeidsvilkår på skip som er i norske farvatn.
Det gjeld kystfart, cruise og skip som yter andre tenester i norsk territorialfarvatn, som offshoreskip som forsynings- og ankerhandteringsfartøy, beredskapsfartøy og konstruksjons- og vedlikehaldsfartøy.
Forslaget blei vedtatt med stemmene til Arbeidarpartiet, SV og SP, MDG og Raudt. Høgre og Frp stemde imot. Både Høgre og Frp har tidlegare uttalt seg sterkt imot forslaget, og meiner det vil sette norske sjøfolk på land og få økonomiske konsekvensar for reiarlaga.
Regjeringa meiner på si side at forslaget vil sikre tilgang til fleire dyktige sjøfolk, ikkje færre.
Norges Rederiforbund meiner vedtaket vil svekke Noreg som sjøfartsnasjon, og at det er i strid med EØS-avtalen.
– Stortinget har vedtatt å svekke Noreg som sjøfartsnasjon. Forslaget om norsk lønn til utanlandske sjøfolk vil ikkje kunne kontrollerast effektivt, er i strid med EØS-avtalen, og er ein gåvepakke til internasjonale konkurrentar, seier administrerande direktør Knut Arild Hareide i Rederiforbundet.
Han viser til at Esa har vore tydelege på at ei tidlegare utgåve av lovforslaget var i strid med EØS-avtalen. Esa har likevel ikkje komme med noka vurdering av forslaget som no er vedtatt.
Rederiforbundet argumenterer for at ei sterk tilskotsordning for sysselsetting av sjøfolk er eit betre alternativ for å sikre fleire norske sjøfolk i næringa.
(NPK)