Kreftforeningen er bekymra over at norsk ungdom røykjer meir enn ungdom i andre nordiske land.
Foto: Gorm Kallestad / NTB / NPK
Norsk ungdom røykjer mest i Norden
Alle nordiske land har hatt ein nedgang i sigarettrøyking blant ungdom sidan 2018, unnateke Noreg, ifølgje ein ny rapport.
Norsk ungdom i alderen 16 til 24 år røykjer meir enn liknande aldersgrupper i dei andre nordiske landa, viser rapporten.
Andelen er på 19 prosent, nesten 2 prosentpoeng over neste land på lista. Det er Danmark, der 17,4 prosent i aldersgruppa 15 til 24 år røykjer sigarettar. Nedst på lista ligg Island, der berre 6,6 prosent i alderen 18 til 24 år røykjer.
Rapporten er bestilt av Nordens velferdssenter, ein institusjon under Nordisk ministerråd, og kartlegg tobakksbruk blant ungdom og unge vaksne i Norden og Baltikum basert på tal frå kvart enkelt land.