Norsk sosialt medium tar av etter nye facebookgrep
Den norske sosiale plattforma Hudd» melder om auke i nye brukarar.
– Det er ei femdobling i talet på folk som blir med på Hudd kvar einaste dag, seier kommunikasjonssjef Jonas Floberg Åkre i Hudd, i ei pressemelding.
Det skjer etter at eigaren av Facebook, Meta, har komme med to kontroversielle grep dei siste vekene.
Dei har gitt brukarane sine moglegheita til å betale for at Meta ikkje skal selje personinformasjonen deira til reklamebyrå, og dei har gitt brukarane moglegheita til å huke av for at Meta ikkje skal bruke private messenger-samtalar til å trene den kunstige intelligensen sin.
Med dette gjer Meta det tydeleg at dei vil bruke all informasjonen du puttar inn i tenestene deira til å tene pengar.
Ifølge Hudd har dei ein annan forretningsmodell. Dei skal tene pengar ved å tilby lokalbedrifter og større verksemder synlegheit i appen, i tillegg til å selje digitale varer.
– Vi sel ikkje persondata, og vi kjem aldri til å gjere det, seier Hudd-gründer Eigil Tarjem.
Fire månader etter at appen starta opp har dei no 133.000 norske brukarar.
(NPK)