Dagleg leiar i Innovasjon Norge Håkon Haugli er opptatt av å ikkje svartmale situasjonen, etter at Noreg fell på den europeiske innovasjonsrankinga. Foto: Ole Berg-Rusten / NTB / NPK
Dagleg leiar i Innovasjon Norge Håkon Haugli er opptatt av å ikkje svartmale situasjonen, etter at Noreg fell på den europeiske innovasjonsrankinga.

Noreg fell på innovasjonsrankinga

Noreg fell frå sjuande- til niandeplass på den årlege innovasjonsrankinga til EU og er framleis dårlegast blant dei skandinaviske landa.

Publisert Sist oppdatert

Det skjer etter at vi dei siste åra har klatra på den europeiske innovasjonsrankinga. Sveits toppar lista framfor Sverige og Danmark.

Noreg er i toppen på fleire faktorar, blant anna samarbeid mellom små og mellomstore bedrifter. Samtidig er vi på botnen når det gjeld eksport av teknologiprodukt og søknader om å registrere nye varemerke.

Dagleg leiar i Innovasjon Noreg, Håkon Haugli trur det største problemet er at talet på investorar som tør å satse har minka det siste året.

– Lykkast ikkje Noreg med å få risikokapital til oppstartsverksemder, så vil dei ikkje vekse, seier han til NRK.

Haugli meiner det burde vore betre moglegheit for å få frådrag, eller andre skattegode dersom bedrifter brukar pengar på innovasjon som forsking og utvikling.

Tor Wallin Andreassen står bak Norsk Innovasjonsindeks frå NHH. Han trur at sidan dei store næringane trekker til seg så mykje ressursar blir det vanskelegare med innovasjon andre plassar.

– Det blir få nye idear. Vi har sausa oss inn i ein marinade av olje, fisk, gass og straum, seier han.

(NPK)

Powered by Labrador CMS