Fredag blei Risa AS si overtaking av vedlikhaldskontraktane på Haugalandet markert.
FOTO: STATENS VEGVESEN
No passar desse på fylkesvegane i heile Nord-Rogaland
Risa AS har tatt over ansvaret for vedlikehald, reinhald og brøyting av fylkesvegane på Haugalandet.
Fredag hadde Rogaland fylkeskommune og Risa i markering for oppstart av ny driftskontrakt på fylkesvegane på Haugalandet
– Me har allereie i dag eit godt samarbeid med Risa i Indre Ryfylke. No ser me fram til å ta med oss det gode samarbeidet til Haugalandet, seier Ann Mari Sandvin Hardeland leiar for drift og vedlikehald Nord-Rogaland i Rogaland fylkeskommune i ei pressemelding.
Fire av fem driftskontraktar
I den nye kontrakten skal følgja opp fylkesvegar og gang- og sykkelvegar i kommunane Haugesund, Karmøy, Tysvær, Bokn og Utsira.Frå før har dei noverande kontrakten for Indre Ryfylke, som inkluderer Vindafjord kommune. Den kontrakten går ut i 2026.Til saman får entreprenøren ansvar for å drifta og halda ved like 482 kilometer veg, der 74 kilometer av desse er gang- og sykkelvegar.Med kontrakten på Haugalandet har Risa no fire av fem driftskontaktar i Rogaland fylkeskommune. Dette inkluderer begge driftskontraktane i Nord-Rogaland og dessutan driftskontraktane Høgsfjord og Dalane i Sør-Rogaland. Det er Presis vegdrift som følgjer opp vegane i Stavanger-området.