Skakke SA føreslår at overskot frå salet av Tesdal-garden kan gå til å redde drifta ved kulturhuset Skakke i Etne.
FOTO: Espen Mills/etnefoto.no
No kan du by på Etne sitt største gardsbruk
Tesdal-garden er omsider lagt ut for sal. Eigedomen kan sette prisrekord i Etne
Siste etappe på stafetten for å få til ny drift på ein av dei største gardane på Haugalandet er for alvor i gang. Tesdal-garden i Etne, eigd av stiftinga Vestnorsk senter for bygdeutvikling (VSBU) vart fredag sluppen i marknaden. Det er venta stor interesse for garden, så ein kan førebu seg på stor trafikk i retning Litledalen under visninga som vil finne stad sundag 28. mai.
LES OGSÅ: KAN BLI PRISREKORD (G+)
Pristydinga indikerer at ein kanskje vil sjå den høgaste prisen på ein eigedom i Etne nokon sinne: 8.475.000 kroner.