Pukkellaks er oppdaga på Vestlandet.
Illustrasjonsfoto: Terje Bendiksby / NTB / NPK
No gjer pukkellaksen sitt inntog på Vestlandet
Den hata pukkellaksen har dominert elvane i Finnmark. No er han funnen på veg inn til Vossavassdraget.
Eirik Straume Normann er forskar i Norce, og er ikkje fornøgd med at denne fisken er på veg inn i fjordane på Vestlandet, skriv Avisa Hordaland.
Pukkellaksen høyrer ikkje heime hos oss, og den har ein heilt anna livssyklus enn laksen som allereie er her.
Han skil seg frå den atlantiske laksen på fleire område. Den blir mellom anna ikkje større enn to-tre kilo. Dessutan er yngelen klar for å dra ut i havet med ein gong han er klekt, i motsetnad til laksen som allereie er her, som gjerne bruker fleire år før han går ut i havet.