Politidirektoratet lanserte appen Politiloggen som gir direkte oppdateringar fra operasjonssentralane. Appen skal erstatte politiopdateringane på meldingstenesta X.
Foto: Jan Langhaug / NTB / NPK
No er politiet ferdig på X
Politiet har sidan september i 2011 nytta seg av Twitter, seinare kalla X, for å gi oppdateringar om hendingar frå operasjonssentralane, men i dag sluttar politiet å publisere meldingar på det sosiale mediet.
No byter politiet ut X med sin eigen app, Politiloggen, som har vore tilgjengeleg sidan 24. juni.
Politiet blir dermed ikkje underlagt dei skiftande og kontroversielle reglane frå plattforma.