– Målet vårt er å kunne overlevere heile prosjektet til 17. mai neste år. Det er sjølvsagt mykje som kan forstyrre den planen, men vi skal stå på, seier byggeleiar i Statens vegvesen, Roberto Balzer.
Foto: Torstein Nymoen/Grannar
No er det klart kven som får E134-jobben
Grannar har tidlegare skrive om Statens Vegvesen sine planar om nytt Dalavik-kryss på E134 i Skjold.
Krysset vert gjennomsnittleg trafikkert av om lagt 6.700 køyretøy i døgnet. Av dette er 19 prosent, eller 1273 tungtrafikk.
E134 har fartsgrense 80 km kilometer i dette området, og Statens vegvesen har difor også tidlegare gjort tiltak for å betra avkøyringa mot fylkesveg 4734 Dalavikvegen. Då utvida dei vegen inn mot krysset for køyreretninga frå aust mot vest.